Bøker eg las i oktober

I oktober las eg to bøker, nemleg

Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av Johan Harstad

Mi vurdering: 4 of 5 stars

Altså, tittelen i seg sjølv gjer jo at ein berre må lese denne boka. Og denne formen for finurleg kreativitet fin ein heile vegen gjennom romanen. Språket veksler mellom ein slags bevissthetsstraum og vanleg handingsskildring, ein kombinasjon som er velbalansert og fin. Historia er interessant, og eg lurte heile tida på kor ho skulle leda meg. Kritikken min ligg eigentlig berre i det at boka vart litt langdryg for meg. Eg skulle ønske forteljinga stoppa tidligare, og ikkje tok meg med ut av det universet som var skapt rundt hovudpersonen. Utover det elskar eg det forsiktige eventyret vi får fylgje med på, og skildringane av livet på Færøyene i ein norsk mann sitt perspektiv er perfekte.
Allt det där jag sa till dig var santAllt det där jag sa till dig var sant av Amanda Svensson

Mi vurdering: 4 of 5 stars

Eg visste ikkje heilt kva eg gav meg ut på da eg starta på denne boka. Og eg vart mildt sagt overraska! Eg elskar korleis personane i forteljinga speler ulike karakterar i sine ulike relasjonar. Samtidig er «plottet» spennande, vanskeleg og tankevekkjande. Den unge hovudpersonen er for meg gjenkjennbar, og nokre av problema ho møter i sin vanskelege kjærleiksrelasjon er relaterbare.

På Goodreads har eg fleire omtalar liggande. Brukarnamnet mitt er emmabalanserer.

Advertisements

Favorittar i oktober

Favorittane mine i månaden som gjekk!

Mat:

Kven hadde trudd det, men min nye favorittsjokolade er faktisk vegansk! Choco Cookie frå iChoc er liksom sprø i konsistensen, men smelter sjølvsagt på tunga.

Dessutan har eg hatt ei greie med raude druer i det siste. SÅ godt (og overraskande vanskeleg å få tak i…).

Produkt:

Her i Tyskland er jo utvalet i økologiske og såkalla «naturlege» produkt mykje betre enn eg er van med. Eg har testa eit par produkt kjøpt på Biomare, altså økologisk matvarebutikk. Leppestiften frå Anne Börlind i farga «Copper» er bare så utruleg lekker og passar perfekt no når hausten er over oss for fullt.

Eg har også testa volum-sjampoen frå Bioturm. Han har ei mild duft og skummar godt, akkurat det eg ser etter i ein sjampo.

Film og TV-seriar:

Med strikkedilla har det blitt meir TV-seriar i det siste. Eg og kjærasten har sett på HBO-serien Westerworld som kjem ut ein gong i veka. Dei har skapt eit utruleg spennande univers (kven likar ikkje cowboyar, liksom?), og eg likar at oppbygninga går sakte – då blir det enda meir intenst.

I tillegg har vi sett på Line dater Norge og gjømt oss bak putene våre. Anten det er skodespel eller ikkje er eg skikkelig imponert!

Til slutt har eg komme litt seint til festen med med Nobel. Eg elskar vellagde norske drama, og det kan ein godt seie at Nobel er. Også SÅ SPANNANDE!

Internettprofil:

To av mine favorittyoutubarar fant eg da eg leita etter opplysningar om såkalte «Capsule wardrobes». Alli Cherry driv ein skikkeleg kreativ youtubekanal, kor kvar einaste video er nøye gjennomtenkt og gjennomarbeida. Dessutan er ho eit levande bevis på kor utruleg mykje ein kan få til utan å ha så innmari mykje.

My Green Closet er ein annan inspirerande youtubekanal. Ho som driv han jobbar i klesindustrien og gjer mykje god research for videoane sine. Her er det mykje å lære om berekraftigheit, men også om stil.

Musikk:

På musikkfronten går det ein del i haust-spelelista mi på Spotify. Elles er Stein Torleif Bjella sitt nyaste album, Gode liv, vel verd ein lytt.

Garnbonanza

Som eg tidlegare har nemt, handla eg litt (mykje) garn da eg var i Oslo for nokre veker sidan. Eg er jo ein engasjert strikkar, og med hausten kjem strikkeinspirasjonen. Her i Leipzig finn ein garnbutikkar, men mykje av garnet er syntetisk og det som ikkje er det er enten dyrt eller i grelle farger.

Det klødde altså i fingrane mine når eg scrolla meg igjennom Ravelry og Instafram og eg bestemte meg for å hamstre litt når eg først var i Norge. Eg handla berre garn som var bestemt for eit prosjekt, nemleg:

Pickles Tweedy og Pickles Silk Mohair i fargene Kratt og Sennepsfrø som eg skal bruke til Grete-genseren. Har allereie begynt og eg elsker foreløpig både oppskrifta og garnet.

pickles-tweedy-og-pickles-silk-mohair-redigert
Pickles Tweedy og Pickles Silk Mohair

Pickles Merino Tweed i farga Løvfall som eg skal bruke til DagnyxPickles-kjolen.

pickles-merino-tweed-redigert
Pickles Merino Tweed

Rauma sitt Røros Lamullgarn i fargene L23 og L54 som eg skal bruke til genseren Carver frå Brooklyn Tweed. Røros Lamullgarn er ikkje så lett å få tak i, men hos Husfliden på Glasmagasinet i Oslo har dei største utvalet eg har sett.

rauma-roros-lamullgarn-redigert
Rauma Røros Lamullgarn

No gler eg meg til ein fin strikkesesong!

 

Fredagsgleder #3

Det er endeleg fredag og tid for gleder! Og i dag er dei

  • at eg og kjærasten min reiser på spontantur til Praha i dag! Sånt kan ein visst gjere når ein bor midt i Europa.
  • denne fine «101 ting å gjere på 1001 dagar»-lista frå Carina Behrens sin blogg. Eg hadde ein periode tenkt å laga ei sånn liste, men det vart aldri. Kjende eg vart inspirert igjen!
  • at eg har kjøpt heile TO forhåpentlegvis gode bøker som ligg klare til å lesast på Kindlen.
  • sminke frå naturkosmetikkmerket Annemarie Börlind. Ja takk!
  • inspirasjon til halloweenkostymer du kan lage av det du har i skapet, frå Alli Cherry sin  youtubekanal.

Av pinnene: Elder Three Shawl

Da eg kjøpte garnet Plaetzsch Classic i farga 511, var det med tanke om å bruke det til ein genser. Men eg syntest ikkje garnet passa til mønsteret, og enda med å bruke det til sjalet Elder Three Shawl designa av Ravelry-brukaren Softswear Knits.

heile-redigert

Eg har strikka sjalet ein gong før, då i ein annan garnkvalitet. Mønsteret er enkelt, men variert nok til at det er morosamt å strikka, også synest eg det er skikkeleg fint. Ekstra bra er det at oppskrifta er slik at du kan stoppe akkurat når du sjølv vil, og dermed få den storleiken du føretrekker eller har nok garn til. Eg brukte pinnestorleik 5, så det gjekk fort unna.

Eg er nøgd med garnet og kor mjukt det vart etter ein vask.

Eg er ikkje så nøgd med at sjalet vart mykje større enn planlagt. Eg samanlikna med det eg hadde strikka tidlegare, men sidan mønsteret var nokså krølla innan sjalet vart vaska, var det vanskeleg å berekna.

Fredagsgleder #2

Her kjem nokre gleder på ein fin fredag!

  • Oppskrifta på Iona Shawl designa av Junko Okamato. Sjalet har florert på Instagram dei siste vekene, og mønsteret er berre så enkelt og uttenkt på same tid.
  • Fine betraktningar om besteforeldre på Grønne jenter-bloggen. Eg kjenner meg igjen.
  • Leseinspirasjon i fin innpakning!
  • Språkrådet har gjort eit flott intervju med ein av mine språkheltar. Anbefaler forresten å følgje dei på Facebook, for der dukkar det opp nokre godbitar i ny og ned.
  • Bokpoden sin episode om Ingvar Ambjørnsen. Har alltid vore merkeleg fasinert i denne mannen, og dette intervjuet forsterka det. Tenkjer å prøve meg på fleire av avsnitta etterkvart.

Arvegods

Da eg besøkte søstera mi i Oslo forrige helg, fekk eg med meg eit par sko tilbake som ho ikkje lenger brukte. Dei er frå Ecco, og skikkeleg gode på foten. Her i Leipzig går eg ganske mykje, så det er kjekt å ha eit par bra spasersko.

 

for-og-etter-redigert

Eg byta ut dei gul-oransje skolissene til fordel for kvite. No er dei litt meir brukbare med tanke på kva klede dei passar til.

ute-redigert