Garnbonanza

Som eg tidlegare har nemt, handla eg litt (mykje) garn da eg var i Oslo for nokre veker sidan. Eg er jo ein engasjert strikkar, og med hausten kjem strikkeinspirasjonen. Her i Leipzig finn ein garnbutikkar, men mykje av garnet er syntetisk og det som ikkje er det er enten dyrt eller i grelle farger.

Det klødde altså i fingrane mine når eg scrolla meg igjennom Ravelry og Instafram og eg bestemte meg for å hamstre litt når eg først var i Norge. Eg handla berre garn som var bestemt for eit prosjekt, nemleg:

Pickles Tweedy og Pickles Silk Mohair i fargene Kratt og Sennepsfrø som eg skal bruke til Grete-genseren. Har allereie begynt og eg elsker foreløpig både oppskrifta og garnet.

pickles-tweedy-og-pickles-silk-mohair-redigert
Pickles Tweedy og Pickles Silk Mohair

Pickles Merino Tweed i farga Løvfall som eg skal bruke til DagnyxPickles-kjolen.

pickles-merino-tweed-redigert
Pickles Merino Tweed

Rauma sitt Røros Lamullgarn i fargene L23 og L54 som eg skal bruke til genseren Carver frå Brooklyn Tweed. Røros Lamullgarn er ikkje så lett å få tak i, men hos Husfliden på Glasmagasinet i Oslo har dei største utvalet eg har sett.

rauma-roros-lamullgarn-redigert
Rauma Røros Lamullgarn

No gler eg meg til ein fin strikkesesong!

 

Av pinnene: Elder Three Shawl

Da eg kjøpte garnet Plaetzsch Classic i farga 511, var det med tanke om å bruke det til ein genser. Men eg syntest ikkje garnet passa til mønsteret, og enda med å bruke det til sjalet Elder Three Shawl designa av Ravelry-brukaren Softswear Knits.

heile-redigert

Eg har strikka sjalet ein gong før, då i ein annan garnkvalitet. Mønsteret er enkelt, men variert nok til at det er morosamt å strikka, også synest eg det er skikkeleg fint. Ekstra bra er det at oppskrifta er slik at du kan stoppe akkurat når du sjølv vil, og dermed få den storleiken du føretrekker eller har nok garn til. Eg brukte pinnestorleik 5, så det gjekk fort unna.

Eg er nøgd med garnet og kor mjukt det vart etter ein vask.

Eg er ikkje så nøgd med at sjalet vart mykje større enn planlagt. Eg samanlikna med det eg hadde strikka tidlegare, men sidan mønsteret var nokså krølla innan sjalet vart vaska, var det vanskeleg å berekna.

Av pinnene: Fana-inspirert genser

I fjor starta eg på noko som skulle vise seg å bli eit langvarig strikkeprosjekt, nemleg denne Fana-inspirerte genseren. Mønsteret er frå Rauma sitt hefte 222R, og garnet eg brukte er Tove frå Sandnes garn i fargane sjøgrønn og naturmelert.

heile-genseren-redigert

Kvifor tok det så innmari lang tid å ferdigstilla denne genseren, da? Sjølve strikkinga var ferdiggjort på så godt som eit par veker. Problema starta når eg skulle montere genseren. Eg avveik frå mønsteret på den måten at i stedet for å strikka bolen fram og tilbake etter fellinga for halsopninga, bestemte eg meg for å strikka rundt og heller klippa. Dermed måtte eg klippe for hals og erme, i tillegg til at eg strikka belegg på både bolen og erma som festast. Mykje montering, med andre ord. Og montering er ikkje min favorittaktivitet. Dersom noko går gale under monteringa må ein bare byrje på nytt, for monteringa er avgjerande for om resultatet blir fint eller ikkje, etter mi meining. Dermed vart sjølve ferdigstillinga utsette i litt over eit år…

Til venstre er mitt første forsøk nokosinne på å festa belegg som ikkje er strikka.

Eg er  nøgd med farge- og garnval. Tove-garnet er mjukt og tynt (og ganske billig), og fargekombinasjonen er skikkeleg fin, spør du meg. Dessutan synast eg det ferdige resultatet ser veldig bra ut! Eg valde å strikka genseren kortare enn i oppskrifta, og heller følgje måla på ein av favorittgenserane. Det gjorte eg rett i.

Eg er ikkje så nøgd med at eg ikkje strikka fast belegget, men heller monterte det i etterkant. Det vart tre ekstra saumar, i tillegg til alle dei andre eg hadde å stri med.

Eg målar

Sidan eg kom til Leipzig har eg skaffa meg litt utstyr til måling og teikning. Innimellom kjem inspirasjonen skyljande over meg, og det har han gjort dei siste dagane.

Eg er på ingen måte ein trent teiknar eller målar, men eg kosar meg likevel med å holde på med slikt.

kollage-2

Vanlegvis byrjar eg med ei skisse i blyant. Deretter teiknar eg over med svart tusjpenn. Eg fant ein frå Faber-Castell som toler vatn, og dermed ikkje glir utover når eg måler over. Så fyller eg inn med akvarellfarger.

ferdig-redigert

Det ferdige resultatet!